Norsk skiskyttarbronse i ungdoms-OL

Vegard Thon gjekk inn til bronse på skiskyttarsprinten i ungdoms-OL i Lausanne tysdag. Han sikra tredjeplassen med ein margin på 2,8 sekund.
sport

Alle medaljevinnarane pådrog seg ein strafferunde. Marcin Zawol frå Polen gjekk inn til siger 12,6 sekund føre russiske Denis Irodov og 18,5 føre Thon, som kneip bronsen føre newzealandske Campbell Wright.

Isak Frey vart nummer 14, Stian Fedreheim 16 og Emil Hage Streitlien 19.

På sprinten til kvinnene vart det dobbelt russisk siger ved Alena Mokhova og Anastasia Zenova, føre austerrikske Anna Andexer.

Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim vart beste norske kvinne på 19.-plass, medan Gro Njølstad Randby vart nummer 26, Herborg Idland 31 og Synne Herheim 33.

I alpint vart det svensk slalåmsiger både for kvinner og menn. Emma Sahlin vann rennet til kvinnene og Adam Hofstedt rennet for menn.

Sahlin sigra framfor sveitsiske Lena Volken og tyske Lara Klein. Malin Sofie Sund vart beste norske på 12.-plass, medan Cathinka Lunder vart nummer 18. Sara Madelene Marøy køyrde ut i 1. omgang.

Hofstedt, som tidlegare i leikane vann super-G og tok bronse i kombinasjon, sigra overlegent framfor sveitsaren Luc Roduit og italienaren Edoardo Saracco. Simen Sellæg vart beste nordmann på 24.-plass.

Mikkel Remsøy, som laurdag vann kombinasjonen takka vere skarp innsats i slalåm, køyrde ut i 1. omgang. Sindre Myklebust køyrde ut i 2. omgang.

Den femte øvinga som vart avgjort tysdag var blanda stafett i randonee, der vertsnasjonen Sveits vann føre Frankrike og Spania.

I curling vann Noreg 11–6 over Frankrike i siste gruppekamp. Med tre sigrar og to tap tok laget seg til kvartfinale, der Italia blir motstandar torsdag. Det norske laget består av Grunde Buraas, Nora Østgård, Lukas Høstmælingen og Ingeborg Forbregd.

(©NPK)