Hvas noterte seg for beste tid i semifinalen med 49,91. Han var 1/100 sekund betre ein russaren Mikhail Vekovisjtsjenov.
I forsøket sette 19 år gamle Hvas norsk rekord med 49,88.
Løyning svømde inn til 57,84 i semifinalen sin. Det heldt til ein 5.-plass, men tida var god nok til å ta seg til finalen på torsdag. Best i semifinalane var Kira Toussaint frå Nederland som sette meisterskapsrekord med 55,17.
Løyning svømde tidlegare onsdag inn til den sjuande beste tida av kvalifiseringa på 100 meter rygg. 19-åringen vart klokka inn på 58,17 sekund, noko som var tredje raskast i heatet.
(©NPK)