Fourcade knuste Bø-brørne på normaldistansen i Östersund

Verken Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø hadde noko å stille opp med mot franske Martin Fourcade på normaldistansen i Östersund onsdag.
sport

Det vart firedobbelt fransk med Fourcade aller øvst. Tarjei Bø Vart best av dei norske på sjetteplass, men vart slått med 2.28,8 med eitt tilleggsminutt meir enn dei to øvst på pallen.

Dette var Fourcades 70. verdscupsiger.

Det var svært krevjande forhold i løypa der det hadde vorte svært laust og nokon stader isete. Franskmannen hadde éin bom på siste ståande skyting, men det var ikkje på standplass at Fourcade avgjorde. Han var ustoppeleg i sporet i tillegg til å skyte solid.

Dei franske utøvarane hadde tydelegvis svært gode ski. Dei meistra i alle fall dei vanskelege forholda best. For også Simon Desthieux hamna høgt oppe med det eine tilleggsminuttet sitt. Han var 12,7 sekund bak på andreplassen.

Firedobbelt fransk

Quentin Fillon Maillet hadde tre tilleggsminutt, men klarte likevel å ta tredjeplassen. Emilien Jacquelin tok fjerdeplassen med to tilleggsminutt.

– Det var lite Bø og mykje Le Bleu (kallenamn på det franske laget). Eg er godt fornøgd med innsatsen og har vore stabil bra i sesongopninga, sa Tarjei Bø til NRK.

Han var feilfri på dei to første turane sine inn på standplass, men enda til slutt med to bom. Det heldt likevel til å vere beste Bø i konkurransen. Storebror Bø enda på 6.-plass.

– Det var tøft ute i sporet og inne i skogen var det nærast påskeføre. Vi kunne nesten tatt fram kvikklunsjen, sa han.

Tung dag for Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø var først i aksjon av dei norske. Han skaut feilfritt på første liggande, før han fekk ein hårfin bom på det siste skotet sitt på første ståande skyting. Det hjelpte ikkje særleg med feilfri liggande skyting, for han måtte tole ein ny bom på siste ståande skyting. Han hamna til slutt heile 3.12,6 minutt bak den franske rivalen sin. Thingnes Bø enda på 10.-plass.

26-åringen, som vann sprinten på søndag, opna sterkt og var best etter første liggande skyting, men franskmannen slo han med 20 sekund på andrerunden. Det gjekk berre langsamare og langsamare for verdscupvinnaren i førre sesong.

– Det vart eit slit i sporet. På standplass var det ok med 18 treff, men eg burde hatt 19. Det var berre ein av dei dagane, slo Thingnes Bø fast.

Vetle Sjåstad Christiansen skaut feilfritt på første liggande, men var ikkje så rask i sporet. Han enda til slutt med eitt tilleggsminutt, men kom i mål 5.31,6 minutt bak vinnaren med like mange bom. Han enda på 31.-plass.

Erlend Bjøntegaard starta med feilfri skyting både på første liggande og ståande skyting. Han gjekk inn 3.32 minutt bak med to tilleggsminutt vart han nummer 13.

Johannes Dale starta blant dei siste og under endå tyngre forhold gjekk han inn til 36.-plassen. Lars Helge Birkeland hadde tre tilleggsminutt og hamna 5.53 bak på 37.-plass

(©NPK)