Stabæk snappa opp KBK-talent

Midtbanespelaren Jesper Isaksen (20) forlèt Kristiansund og skal spele for Stabæk frå neste sesong.
sport

Isaksen ville ikkje forlenge kontrakten med KBK, som enda på 6.-plass i Eliteserien i år. I staden har han underteikna ein treårsavtale med Stabæk.

– Eg fekk debuten min (frå start i Eliteserien) på Nadderud, så det er ein litt spesiell plass. Det er godt å vere tilbake, seier Isaksen til Stabæks nettstad.

Han starta fem kampar for Kristiansund i år, og i tillegg vart han bytta inn i ni kampar. Han scora det første eliteseriemålet sitt heime mot Sarpsborg i november.

– Eg har god løpskapasitet, er god med ball og til å drive framover. Eg er ein offensiv spelar som kan bidra med nokre målpoeng, meiner Stabæks nysignering sjølv.

Til Kristiansunds nettstad seier Isaksen at han ønskte seg forandring og ei ny utfordring.

(©NPK)