Richarlison skreiv ny langtidskontrakt med Everton

Everton-profilen Richarlison (22) har underteikna ein ny avtale som knyter han til klubben til sommaren 2024.
sport

Premier League-klubben melder om kontraktsforlenginga på nettstaden sin. Richarlison kom til Everton frå Wolverhampton i august i fjor og vart umiddelbart ein suksess på Goodison Park.

Denne sesongen har den offensive midtbanespelaren bidratt med fire mål og to målgivande pasningar på 14 kampar for blåtrøyene.

– Eg planlegg å vere her lenge. Dette var klubben som gav meg sjansen til å vise kva eg har å by på, seier 22-åringen som allereie har spelt 19 landskampar for Brasil.

– Det var eg her eg klarte å spele meg til ein plass på landslaget, og det er her eg har klart å score mange Premier League-mål. Klubben stoler på meg, og eg stoler på dei. Supporterane liker meg godt, og eg prøver å gjengjelde kjærleiken deira så mykje som mogleg på banen, held Richarlison fram.

Everton speler ein svært tøff bortekamp mot byrival Liverpool onsdag kveld.

(©NPK)