VG: Nordlie berre formalitetar unna LSK-jobben

Trenarprofilen Tom Nordlie overtar høgst sannsynleg Lillestrøm etter at Jörgen Lennartsson fekk sparken måndag, melder VG.
sport

Avisa hevdar å ha kjelder som opplyser at berre formalitetar står att før Nordlie kan presenterast som LSK-trenar. Spelarane skal ha fått beskjed om at dei får møte den nye trenaren tysdag formiddag.

Lennartsson fekk sparken med umiddelbar verknad måndag formiddag. Dermed blir det ein ny trenar, truleg Nordlie, som leiar laget i dei viktige kvalifiseringskampane mot Start.

Nordlie, som rykte ned frå 1. divisjon med Skeid denne sesongen, har tidlegare ført LSK til cupgull. Det var i 2007, før han trekte seg året etter.

57-åringen har ein lang trenarkarriere bak seg, og han har fleire gonger vorte henta inn som redningsmann i norske klubbar. LSK skal spele kvalifiseringsfinale mot Start 7. (borte) og 11. desember (heime).

– Hadde klart det uansett

Lennartsson måtte forlate Lillestrøm etter at laget hamna på 14.-plass denne sesongen. Svensken, som tok over trenarjobben i Lillestrøm sommaren 2018, vann ikkje ein einaste kamp etter 25. august.

«Etter 11 kamper på rad uten seier – og to viktige kvalifiseringskamper foran oss – vil en annen hovedtrener lede laget mot Start», skreiv Lillestrøm i ei pressemelding måndag.

– Dette vart avslutta med at det blir ein annan trenar som leiar laga i dei to avsluttande kvalifiseringskampane. Eg har stor forståing for dette, sjølv om eg trur vi hadde klart det uansett, seier Lennartsson til LSKs nettside.

Takkar alle

– Eg vil takke alle spelarar og heile støtteapparatet for eit veldig godt samarbeid under heile perioden min. Lillestrøm SK kjem for alltid til å vere i hjartet mitt og eg kjem så klart på besøk på Åråsen i framtida. Med stort håp om vellykka kvalifisering mot Start, uttaler Lennartsson.

Lennartsson tok over etter at Arne Erlandsen fekk sparken midt i fjorårssesongen og leia laget til sikker plass, men i årets sesong har det gått langt dårlegare. I Lennartssons 44 seriekampar med LSK har laga berre vunne 11 kampar totalt.


(©NPK)