Hareide fortvila trass EM-jubel

Åge Hareide skal leie Danmark i fotball-EM, men irriterer seg stadig over behandlinga han har fått av forbundet DBU.
sport

Etter måndagens 1-1-kamp mot Irland som sikra EM-billetten, måtte Hareide erkjenne at han ikkje berre hadde gode kjensler.

Lagkaptein Simon Kjær måtte springe bort og hente Danmarks norske landslagssjef frå sidelinja for å få han med på å feire saman med supporterane.

– Det har vore mykje støy i denne perioden med spelarstreik. Og i sommar kunne vi godt ha tenkt oss at det føregjekk på ein annan måte då Danmark valde ny landslagssjef, seier Hareide, ifølgje EkstraBladet, og held fram:

– Vi har aldri fått ei grunngiving for kvifor DBU har gjort det dei har gjort. Det kunne vi ønskt oss, men det er ikkje noko vi kan gjere med det no.

Hareide roser spelarane og trenarapparatet og kjem med fleire stikk til DBU.

– Det handlar om å ikkje gi opp. Eg er glad for å få sjansen til å trene Danmark. Det har vore ei fantastisk fin reise med den suverent beste spelartroppen eg har hatt. Dei har vist eit samhald og ein kultur der dei har stått saman. Vi har ein heilt unik lagmoral, seier han.

Hareide har ein svært imponerande statistikk med Danmark og har leidd laget til to strake meisterskapar (VM i fjor, EM neste år). Men etter fotball-EM i 2020 er det slutt. DBU kunngjorde i sommar at Hareide blir erstatta med Kasper Hjulmand etter meisterskapen.

(©NPK)