Noregs menn på etterskot i curling-EM

Noregs herrelag i curling-EM vart fråtekne sigeren over England på søndag etter at ein innbytar brukte eigen kost. Dagen etter enda med både siger og tap.
sport

Magnus Nedregotten skulle overtatt kosten til Markus Snøve Høiberg då han kom inn før dei tre siste omgangane i kampen mot England. Innbytaren brukte likevel eigen kost, og det er ikkje lov, skriv opp.no.

Noreg leidde på det tidspunktet 8–3 og ville gi Nedregotten moglegheit til å setje nokre steinar på tampen av kampen, noko som skulle vise seg å bli skjebnesvangert.

Laget til skip Thomas Ulsrud vann kampen mot England 9-5, men på grunn av reglebrotet er Noreg dømde til tap og fråtekne sigeren. Det norske curlingforbundet har anka avgjerda.

Slo tilbake

Ei lita oppreisning fekk det norske laget då dei måndag vann 8–7 mot Danmark. Seinare måndag tapte dei norske herrane med same siffer for Italia. Det stod 7–7 etter ti omgangar, men Italia avgjorde med å ta det viktige poenget i ekstraomgangen. Dermed vart det nytt tap for Thomas Ulsrud og mannskapet hans.

Etter fem spelte kampar står det norske laget med to sigrar og tre tap og delar 6.-plassen.

Det norske herrelaget blir leia av skip Thomas Ulsrud og består vidare av Steffen Walstad, Høiberg og Magnus Vågberg med Nedregotten som reserve.

Laget til Rørvik snudde til siger

Måndag vart det òg siger til dei norske kvinnene etter ein sterk snuoperasjon mot Estland. Noreg låg under 2–5 etter seks omgangar før dei utlikna ved å ta tre poeng i den sjuande runden.

Deretter vart det estisk poeng med avgjerande stein, medan Noreg og skip Marianne Rørvik tok poeng i niande omgang. I tiande og siste omgang klarte Noreg å «stele» eit poeng, og dermed vann dei 7–6.

Forutan Rørvik spelar Kristin Skaslien, Maia Ramsfjell og Pia Trulsen på laget, medan Martine Vollan Rønning er reserve.

(©NPK)