Kvinnelandslaget med nytt steg mot EM då Nord-Irland vart slått 6–0

Lisa-Marie Utland slo an tonen med to mål i det første kvarteret då Noreg tok eit nytt steg mot EM-sluttspelet i England med 6–0 over Nord-Irland fredag.
sport

Reading-spissen spelar med ansiktsmaske etter at ho nyleg braut nasen i seriekamp mot Manchester United, men ho ofra seg i duellane frå start og gav Noreg ein pangstart. Etter to og eit halvt minutt sette ho Karina Sæviks innlegg i tomt mål, i det 12. minuttet vann ho ein hovudduell og nikka inn Ingrid Moe Wolds innlegg.

Utland mista nokre sjansar til å fullføre sitt hattrick, men i staden scora Guro Reiten, Ingrid Syrstad Engen og Caroline Graham Hansen to gonger i 2. omgang.

Sistnemnde er oppe i ti mål i kvalifiseringa og leverte òg sin sjette assist. Med det toppar ho listene blant alle spelarar på dei 47 laga som deltar i kvalifiseringa.

Graham Hansen var nest sist på ballen då Reiten skaut 3–0 i krysset i det 51. minuttet. Reiten la deretter eit hjørnespark på hovudet til Engen, som i Maria Thorisdottirs skadefråvær vikarierte som midtstoppar, før Graham Hansen skaut inn 5–0 på pasning frå Wold.

På overtid sette Barcelona-stjerna òg 6–0 på pasning frå Reiten, og dermed fekk Noreg same resultat som i bortekampen mot nordirane.

Overlegent

Noreg innleidde kvalifiseringa med tre bortekampar og vann dei til saman 26–1. Etter den første heimekampen har Noreg 32 mål, eitt fleire enn Tyskland som inntil fredag var det mestscorande laget i EM-kvalifiseringa.

Publikumsrekorden til kvinnelandslaget på 10.830, som vart sett då Noreg slo England i Bergen i august, overlevde kampen på fredag, men med 6.709 sette kvinnelandslaget ny rekord for kvalifiseringskampar på heimebane.

Nord-Irland er nummer 56 på FIFA-rankinga, 44 plassar bak Noreg, og var ikkje i nærleiken av å stikke kjeppar i hjula for Martin Sjögrens lag på vegen mot eit nytt sluttspel.

På veg

Noreg har framleis ikkje møtt Wales, som er høgast rangerte grupperival (33.-plass), men walisarane gav frå seg poeng heime mot Nord-Irland (2-2). Ingenting tyder på at Noreg vil ha problem med å sikre gruppesigeren og kvalifisere seg til EM-sluttspel for 12. gong på rad.

Sluttspelet i 2021 føregår i England, der kvinnefotball surfar på ei popularitetsbølgje. Det er selt over 90.000 billettar til landskampen mot Tyskland på Wembley laurdag.


Noreg spelte den siste landskampen sin i år og tok den 12. sigeren på 17 kampar. Det vart fire tap, mellom dei for England i VM-kvartfinalen, og ein uavgjort kamp.


(©NPK)