Sky Sports: Pogba og de Gea mistar Liverpool-kampen

Manchester United må klare seg utan dei to største stjernene sine, Paul Pogba og David de Gea, i storkampen heime mot Liverpool søndag, ifølgje Sky Sports.
sport

Den britiske TV-kanalen hevdar å vite at verken keeper David de Gea eller midtbanesjefen Paul Pogba blir klare til oppgjeret.

Dermed går vondt til verre for United-manager Ole Gunnar Solskjær. Han har ei lang skadeliste å bekymre seg over, og fråværet av de Gea, som vart skadd i EM-kvalifiseringa tidlegare i veka, kjem på eit svært dårleg tidpunkt.

Pogba har kjempa for å bli klar til Liverpool-møtet, men rekk det visstnok ikkje. Han har slite med ein ankelskade i lengre tid og trena nyleg på eiga hand i Dubai.

Liverpool har vunne alle kampane sine i Premier League så langt og blir gigantfavoritt i kampen på søndag.

United har berre vunne to av åtte kampar og ligg på 12.-plass i ligaen.

Forutan Pogba og de Gea er Eric Bailly, Diego Dalot og Timothy Fosu-Mensah uaktuelle for United i helga. Dessutan er det usikkerheit rundt Anthony Martial, Aaron Wan-Bissaka, Jesse Lingard, Phil Jones og Mason Greenwood.

(©NPK)