Norsk medaljehåp om OL-flytting: – Fornuftig og bra

Håvard Haukenes applauderer planane til IOC om å flytte maraton- og kappgangøvingane under OL neste år frå Tokyo til Sapporo for å unngå heteproblematikken.
sport

IOC viser til at temperaturen i Sapporo, som ligg 800 kilometer nordover på Hokkaido-øya, er fem-seks gradere lågare på det tidspunktet maraton- og kappgangøvingane er planlagt avvikla i Tokyo.

Flytteplanane er del av ei lang rekke tiltak som er sett i verk for å møte utfordringane med sterk varme og høg luftfukt.

Kappgjengar Håvard Haukenes er positiv til forslaget som inneber at han sjølv skal kjempe om edelt olympisk metall langt unna hovudarrangementet i Tokyo.

– Ja, eg synest det er uproblematisk. Det er fornuftig og bra at dei tenker på det beste for utøvarane, seier han til NTB.

Høgste prioritet

Debatten rundt den venta varmeproblematikken under Tokyo-OL har gått føre seg i lengre tid. Eit IOC-utval med ansvar for hete- og vêrproblem har konkludert med at utøvarar i maraton- og kappgangøvingane vil vere utsette for ekstreme utfordringar i den japanske hovudstaden.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har i samråd med dei japanske arrangørane tidlegare vedtatt at maratonøvingane skal starte klokka 06.00 på morgonen lokal tid.

No tyder det meste på at ein går endå eitt skritt lengre og flyttar konkurransane ut av hovudstaden. Sapporo har òg tidlegare vore OL-by. Vinterleikane i 1972 gjekk nettopp der.

IOC-president Thomas Bach er klar på at omsynet til helsa til utøvarane har høgste prioritet.

– Ei lang rekke tiltak for å verne utøvarane er allereie annonserte. Dei nye vidtrekkande forslaga om å flytte øvingane i maraton og kappgang viser kor alvorleg vi tar desse problema, seier han i ei pressemelding.

Best mogleg plattform

IOC skriv vidare at framlegget om å flytte øvingane til Sapporo skal diskuterast med arrangørbyen Tokyo, Den olympiske komiteen i Japan og rettshavarane til TV-sendingane på eit møte 30. oktober.

Presidenten i Det internasjonale friidrettsforbundet, Sebastian Coe, opplyser at folka hans jobbar tett med OL-arrangørane og IOC når det gjeld flytteplanane til Sapporo. Det vesentlege er ifølgje friidrettstoppen å gi utøvarane «den best moglege plattforma for å prestere».

Håvard Haukenes ser mest av alt fram til å slå tilbake etter VM-skuffinga i haust i Doha. Der vart han diskvalifisert på 50-kilometeren.

– Uansett kvar det blir, skal eg stille hundre prosent klar på startstreken og vere klar til å gi alt og litt til, seier han til NTB.

Under Doha-VM vart maraton- og kappgangøvingane arrangerte frå midnatt, men likevel var det 38 grader. Det er venta minst like høge temperaturar i Tokyo neste år.

(©NPK)