Carlsen spelte remis på Isle of Man

Magnus Carlsen klarte ikkje å vinne det andre partiet sitt i sjakkturneringa på Isle of Man. Fredag vart det remis mot russaren Aleksej Sarana.
sport

Carlsen, som fredag spelte med svarte brikker, står dermed med 1,5 poeng etter to dagar av turneringa.

Nordmannen vann det første partiet i turneringa torsdag. Han hadde i periodar trøbbel mot ukrainaren Yuriy Kuzubov, men Carlsen snudde spelet og vann til slutt på tid.

Sjølv om det ikkje vart ny siger fredag, held Carlsen oppe den utrulege rekka si med parti utan tap. 28-åringen har no 92 strake parti utan tap i langsjakk. Klarer han åtte til har han tangert rekorden til kinesaren Ding Liren.

Turneringa på Isle of Man varer fram til 21. oktober. Ho fungerer som ei kvalifisering til kandidatturneringa i 2020. Éin spelar vil få sjansen til å kjempe om å spele VM-kamp mot Magnus Carlsen. Det kan ikkje bli Caruana, som allereie er kvalifisert.

Nordmannen skal i slutten av oktober prøve å forsvare ein annan VM-tittel. Mellom 27. oktober og 2. november går det første offisielle VM-et i Fischer-sjakk i historia. Det skjer på Henie Onstad Kunstsenter på Høvik.

(©NPK)