Travselskapet: Kan gå mot konkurs og oppseiingar

Det Norske Travselskap varslar at alle travløp kan bli stengde frå 1. januar dersom styresmaktene innfører den varsla tapsgrensa for hestespel.
sport

– Om generelle tapsgrenser blir innførte slik Lotteritilsynet skisserer, og omsetninga rasar med 900 millionar, så betyr det ei rasering av norsk hestesport, seier styreleiar Knut Weum i Det Norske Travselskap (DNT) til Trav- og galoppnytt.

1. januar 2020 skal Norsk Rikstoto innføre ei totalgrense for kor mykje spelarar kan satse og tape på éin månad. Rikstoto har sjølv foreslått ein tapsgrense på 20.000 kroner i månaden eller 60.000 kroner over tre månader. Men spelselskapet og resten av hestesporten vil gjere unntak for dei såkalla storspelarane, som er viktige for Norsk Rikstotos omsetning, som igjen genererer tilskot til hestenæringa landet rundt.

Må gjelde for alle

Lotteritilsynet har i ei fråsegn støtta forslaget til tapsgrense, men tilrår at ei slik grense må gjelde for alle.

– Vi er opptatt av å førebygge negative sosiale konsekvensar av pengespel. Eit viktig argument for totalgrense er omsynet til familie og pårørande til dei som har eit problematisk forhold til spel. Vi ser ikkje at det finst god nok dokumentasjon om at gruppa (storspelarane) ikkje har eit problematisk spelmønster, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal i Lotteri- og stiftelsestilsynet til NTB.

Weum i DNT varslar store konsekvensar om Landbruksdepartementet vel å følgje rådet frå Lotteritilsynet.

– Om omsetningsnedgangen blir slik Rikstoto har analysert og stipulert, vil vi vere konkurs om kort tid. Då er det betre å stoppe verksemda og permittere alle tilsette, seier Weum.

250 millionar

DNT er ein medlemsorganisasjon for lokale travlag landet rundt og har i overkant av 13.000 medlemmer. Ein av dei viktigaste aktivitetane er organisering av travløp på travbanane i landet gjennom lokale driftsselskap.

Det er anslått at hestenæringa blir tilført rundt 250 millionar kroner frå Norsk Rikstotos overskot. Næringa meiner at mange arbeidsplassar står i fare dersom lik tapsgrense for alle blir innført. Anslagsvis 16.000 menneske har arbeidet sitt knytt til hestenæringa, ifølgje tal frå Norsk Rikstoto.

Forslag blir diskutert

Styra i Norsk Rikstoto, Norsk Jockeyklub og DNT har saman sendt eit forslag til Landbruksdepartementet om at tapsgrensa berre skal gjelde for nye kundar. Landbruksdepartementet opplyser til NTB at saka er under behandling, og at ei avgjerd vil vere klar i god tid før nyttår.

Hestesporten argumenterer med at ei tapsgrense vil flytte spelomsetning til utanlandske spelselskap og dermed vil vere utanfor kontrollen til styresmaktene. I Noreg har Norsk Rikstoto, saman med Norsk Tipping, einerett på å drive spel.

(©NPK)