Tennis: Osaka sa frå seg det amerikanske statsborgarskapet sitt

Verdsstjerna Naomi Osaka (21) har bestemt seg for å seie frå seg det amerikanske statsborgarskapet sitt for å kunne representere Japan under OL i Tokyo neste sommar.
sport

Dermed får arrangørlandet eit stort gullhåp i tennis føre dei neste olympiske sommarleikane.

Ifølgje japansk lov må personar med dobbelt statsborgarskap velje land før ein fyller 22 år. Osaka har bursdag 16. oktober.

Ho er fødd i Japan med japansk mor og haitisk far. Ho har derimot budd i USA i store delar av oppveksten og det vaksne livet sitt.

Osaka, som har representert Japan på tennisbanen, er nummer tre på siste WTA-ranking. Ho gjekk til topps i Australian Open denne sesongen. I fjor vann ho si første Grand Slam-turnering då ho vann US Open med å slå Serena Williams i finalen.

(©NPK)