Landslaget hentar inn André Hansen-erstattar

RBK-keeper André Hansen (29) er ute av troppen til EM-kvalifiseringskampane i fotball mot Spania og Romania på grunn av sjukdom i familien.
sport

– André Hansen har reist heim på grunn av sjukdom i familien. Sondre Rossbach frå Odd er henta inn som erstattar, opplyser Svein Graff i NFF til NTB.

Rosenborg-målvakta kom opphavleg med i troppen sidan Sten Grytebusts er skadd. Hansen har eigentleg takka nei til meir landslagsspel, men har ein avtale med landslagstrenar Lars Lagerbäck om at han stiller opp ved behov.

Hansen spelte heile bortekampen mot Færøyane i juni og heldt nullen. Han har framleis ikkje sleppt inn mål for A-landslaget på sine fire kampar:

2013: Zambia 0–0, spelte 90 minutt.

2013: Makedonia 2–0-siger, spelte 88 minutt.

2016: Finland 2–0-siger, spelte 45 minutt.

2019: Færøyane 2–0-siger, spelte 90 minutt.

Rune Almenning Jarstein er soleklar førstekeeper for Noreg. Han speler til dagleg i Hertha Berlin.

Ørjan Håskjold Nyland (Aston Villa) er òg med i den norske troppen som målvakt.

Noreg møter Spania på Ullevaal stadion laurdag og Romania i Bucuresti tysdag.

(©NPK)