Karadas får ikkje halde fram i Brann

Azar Karadas (38) er ferdig i Brann etter ferdig sesong. Det stadfestar han sjølv overfor Bergensavisen.
sport

Han ville gjerne ta ein sesong til, men er ikkje med i framtidsplanane til klubben.

– Eg har hatt ein prat med Rune Soltvedt, og der fekk eg beskjed om at eg ikkje blir ein del av spelarstallen i 2020, fortel Karadas til BA.

Karadas har spelt 173 minutt for Brann denne sesongen. Han har spelt éin kamp frå start og komme inn i ti kampar. Han skåra eitt mål i serien og eitt i cupen i Brann-drakta i år.

Det har tidlegare vore snakk om at Karadas kanskje skulle inn i ei trenarrolle i klubben når han gav seg som spelar.

– Vi har snakka om det, men vi får berre sjå kva som skjer. No vil eg bruke dei neste dagane til å tenke litt på framtida, og eg er open for det meste, forklarer publikumsyndlingen.

Han skal dessutan ha fått fleire tilbod frå andre klubbar både som trenar og spelar.

(©NPK)