Etterlengta russisk VM-siger i turn

Russland vann lagkonkurransen for menn i turn-VM for første gong sidan Sovjetunionen vart avvikla. Det skjedde etter at Kina svikta i det siste apparatet.
sport

Kina, som hadde vunne lagkonkurransen i sju av dei åtte siste VM-a, såg ut til å ha avgjort konkurransen då Zou Jingyuan leverte ei fantastisk skrankeøving til 16,383 poeng, den beste poengsummen nokon utøvar oppnådde i noko apparat med eit heilt poengs margin.

Før svingstong, som var det siste apparatet både for Kina og Russland i finalen på onsdag, leidde kinesarane med 1,394 poeng. Sun Wei klikka og fall ned frå stonga, og med 12,766 poeng slapp han Russland inn i gullkampen igjen.

Nikita Nagornji, som var best av alle i kvalifiseringa til den individuelle mangekampfinalen på fredag, hadde den russiske skjebnen i sine hender då han var siste utøvaren i aksjon, og med 14,460 sikra han russisk gull med ein margin på 0,997 poeng.

OL-verten neste år, Japan, var i leiinga halvvegs og hang lenge med i tetstriden, men fleire klikk i frittståande, som var det siste apparatet deira, gjorde at japanarane måtte nøye seg med bronse. Laget enda 2,5 poeng bak Kina, men 3,5 poeng føre USA på fjerdeplassen.

Framfor 7500 tilskodarar i ein fullsett hall i Stuttgart kunne Russland feire den første VM-tittelen sin for lag. Sovjetunionen vann den åttande og siste tittelen sin i 1991.

Medan russarane jubla, gøymde ein fortvilt Sun ansiktet i hendene.

(©NPK)