England forlèt banen ved rasisme

Englands landslag i fotball vil forlate banen i protest dersom dei blir utsette for rasistiske tilrop under EM-kvalifiseringskampen mot Bulgaria neste veke.
sport

– Dette er alle spelarane samde om, seier Chelsea-spiss Tammy Abraham, ifølgje avisa The Guardian.

22-åringen, som for augneblinken er toppskårar i Premier League med sine åtte mål, seier laget har snakka om å trasse Det europeiske fotballforbundets (Uefa) anti-rasismeprotokoll.

Uefas prosedyre inneheld tre trinn som skal følgjast dersom det kjem rasistiske tilrop frå tilskodarane. Først skal speakeren be tilskodarane om å stoppe tilropa, deretter stanse kampen mellombels. Viss dette ikkje hjelper skal dommaren avbryte kampen.

Abrahams haldning er at det held med eitt trinn, og at spelarane bør forlate banen med ein gong dersom rasisme oppstår frå tribunen.

– Viss ikkje, gir det folket moglegheiter til å komme med unnskyldningar, seier Abraham om Uefas tretrinnsprosedyre.

Frykta for rasisme i forkant av bortekampen mot Bulgaria har oppstått etter rasistisk åtferd frå dei bulgarske tilhengarane under kvalifiseringskampane mot Tsjekkia og Kosovo i juni. Som straff er stadion kampen skal spelast på delvis avstengt i kampen mot England, og den neste kampen.

– Ingen ønsker dette i fotball. Det påverkar ikkje berre éin person, men heile laget, seier Abraham og legg til:

– Vi ønsker å vise verda at vi ikkje aksepterer den typen nedlatande oppførsel.

Før kampen på måndag mot Bulgaria skal England møte Tsjekkia fredag, også det på bortebane. Gareth Southgates mannskap leier gruppa med sine 12 poeng, tre poeng føre Tsjekkia. Kosovo på tredjeplass har åtte, medan Bulgaria og Montenegro ligg sist med to poeng kvar. England står med fire spelte kampar, resten av laga har ein kamp meir.

Tidlegare i kvalifiseringa, i bortekampen mot Montenegro, vart Raheem Sterling, Danny Rose og Callum Hudson-Odoi utsett for rasistisk åtferd blant tilskodarane.

(©NPK)