Liverpool jaktar den tredje strake meisterligafinalen sin

Liverpool-manager Jürgen Klopp seier det blir vanskelegare å forsvare meisterligatrona enn det var å vinne turneringa i fjor.
sport

Klopps menn startar årets meisterliga borte mot Napoli tysdag. Liverpool har tatt seg til finalen i turneringa dei to siste sesongane, og vann fjorårets finale mot Tottenham (2-0) etter at dei tapte mot Real Madrid (1-3) året før.

Men Liverpool står overfor ei vrien oppgåve for å nå finalen i Istanbul, der dei i 2005 snudde 0-3 til siger i finalen i 2005.

– Å vinne er kjekt, men det forandrar ingen ting. Det er enkelt å halde fram som før, sa Klopp til pressa på pressekonferansen på måndag.

– Vi ønsker å skape fleire historier som vi kan hugse framover, ikkje berre denne eine.

Bortetap

Napoli ser på papiret ut til å vere den tøffaste motstandaren om siger for Liverpool i gruppe E i meisterligaen. Dei to laga var i same gruppe òg i fjor, då opna Liverpool med å tape 0–1 borte etter at Lorenzo Insigne sette inn vinnarmålet.

Liverpools tyske manager seier dei ønsker å lære av feila sine frå fjorårets turnering.

– Vi tapte alle bortekampane, det kan vi gjere noko med, sa Klopp.

Gruppa inneheld òg norske innslag i form av Erling Braut Haalands Salzburg, og Sander Berges Genk.

Vanskeleg

Napoli-manager Carlo Ancelotti, som har vunne meisterligaen med Milan tidlegare, seier dei har lært av feila dei gjorde førre sesong. Då vart dei slått ut allereie i gruppespelet, i gruppa med Liverpool, PSG og Raude Stjerne.

– Målet er å ta seg vidare frå gruppa. Vi startar mot dei regjerande meistrane som har fått ein bra start i Premier League. Dei er favorittar og det vil bli ein vanskeleg, men spennande test, sa Ancelotti.

Det italienske laget har mellom anna henta Hirving Lozano frå PSV Eindhoven og Fernando Llorente frå Tottenham. Sistnemnde var med å tape fjorårets finale for Tottenham.

– Det var smertefullt å tape finalen, og det finst eit ønske om revansje. Men denne kampen er ei moglegheit til å vise at vi er på nivå med eit så sterkt lag som Liverpool, sa Llorente.

– Trur du dei har gitt opp?

Skulle Liverpool ta seg vidare frå gruppespelet fryktar Klopp at det blir ei vanskeleg oppgåve å ta seg til Istanbul.

– Eg vil ikkje ha noko imot å nå finalen dersom det skulle skje igjen. Men eg er ikkje sikker på at vi vil klare det, sa Klopp då gruppene vart trekt i august.

– Vi har dei same sjansane som alle andre. Eg ser ikkje dei engelske laga dominere, eg tenker at dei andre laga òg har ein god sjanse.

– Juventus vil vere der oppe, PSG vil vere der. Real Madrid, trur du dei har gitt opp allereie? Bayern München har henta Perisic og Coutinho, noko som styrkar laget deira, lydde Klopps raske oppsummering av favorittane den gongen.

(©NPK)