Kippernes ute av bryte-VM etter tap

Silje Kippernes tapte 1-4 for kinesiske Yetgil Zeynep i VM i bryting. Kinesaren tapte sin neste kamp slik at VM er over for den norske brytaren.
sport

Dermed er den femte norske brytaren ute av VM etter berre å ha fått bryte éin kamp. Tidlegare i meisterskapen røyk dei fire norske herrane ut etter å ha vore i aksjon berre éin gong.

VM er første OL-kvalifisering. Det er nye moglegheiter til våren med både ei europeisk kvalifisering og ei verdskvalifisering.

Onsdag skal Grace Bullen i aksjon i 57-kilosklassen.

(©NPK)