Berge før Haaland-duell i meisterligaen: – To lag med alt å vinne

Tysdag barkar to av Noregs største fotballtalent saman i Champions League. Sander Berges Genk og Erling Braut Haalands Salzburg har hamna i ein tøff pulje.
sport

Seinare i haust skal dei to laga måle krefter mot tittelhaldar Liverpool og det italienske storlaget Napoli, men første kamp står mellom dei to utfordrarane i gruppe E.

Salzburg har heimekamp tysdag, som betyr at mykje av presset kviler på Haaland og lagkameratane hans. Ein siger vil vere viktig for å ha håp om vidare Europa-spel etter nyttår.

19-åringen frå Jæren har hamra inn mål i Austerrike så langt i sesongen. I tillegg til eit hat-trick i cupen har han scora elleve mål på sju ligakampar.

– Eg har fått moglegheita, og eg har levert. Og dette er berre starten. Det blir ein spennande haust, sa Haaland til NTB i samband med landslagssamlinga for to veker sidan.

Samanliknar

Genk er på si side inne i den gjævaste europacupen for første gong sidan Sander Berge kom til klubben. I fjor vart laget slått ut av europaligaen i 16.-delsfinalen med 1-4-tap samanlagt mot Slavia Praha.

No ventar eit betydeleg høgare nivå. Berge har ikkje forventningar om at Genk skal avansere frå gruppespelet, men seier at belgiarane – til liks med Salzburg – har alt å vinne.

– Det var vel ikkje det første vi tenkte på (avansement) då vi følgde trekninga. Det var meir at det var ganske kult, og at det er den perfekte gruppa for oss. Vi får eigentleg lag frå alle kategoriar: Den italienske giganten, den regjerande meisteren og så Salzburg som etter mitt inntrykket driv litt likt som oss, seier Berge og utdjupar:

– Salzburg har mange spennande, unge spelarar som er i utvikling, og ganske lik aldersgruppe som oss. Og ikkje minst har dei òg alt å vinne i denne gruppa. Men dei har jo òg gjort mykje bra. I fjor slo dei Brügge 4–0 og slo dei ut av europaligaen (i 16.-delsfinalen). Så dei har jo eit veldig høgt nivå.

Utstillingsvindauge

For ein Berge som håper å flytte til ein større liga på sikt, blir meisterligaen ein framifrå stad å få vist seg fram for speidarar frå toppklubbane.

– Det er jo sjølvsagt det beste utstillingsvindauget du får. Å spele mot dei aller beste, topp internasjonale lag og spelarar. Meir kan du ikkje be om. Så i Champions League er det berre å nyte kvart sekund og ta seg til rette. Forhåpentlegvis får vi vist oss frå ei god side, sa 21-åringen då NTB møtte han føre EM-kvalifiseringskampane mot Malta og Sverige.

Etter bortekampen mot Salzburg ventar Napoli på heimebane. Deretter kjem Liverpool på besøk til arenaen i Genk, som tar 21.500 tilskodarar under kampar i Uefa-regi.

– Eg kan vel ikkje seie at dei kjem til løvas hòle, men det blir kult å møte dei i eigen arena. Så får vi sjå om vi kan overraske dei. Det skal ikkje vere nokon walkover å komme på besøk til oss, slår Berge fast.

(©NPK)