Uviss landslagsframtid for Chelseas spisshit

Chelsea er tilbake i meisterligaen med ein spiss i verdsklasse, men det er ikkje sikkert kvar Tammy Abraham eventuelt vil spele dei første landskampane sine.
sport

– Det vil vise seg når tida er inne, seier 21-åringen.

Abraham er toppskårar i den engelske eliteserien saman med Manchester Citys Sergio Agüero. Begge står med sju fulltreffarar.

Tammy Abraham har to treningskampar for England, men ser ikkje bort frå at han vel å spele for Nigeria ved neste korsveg. Faren hans er nigerianar.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på dette. Dette vil ordne seg når tida er inne. Du veit aldri, seier Abraham i eit intervju med The Telegraph.

– Dette får Gareth Southgate (landslagstrenar for England) styre med, seier Chelsea-manager Frank Lampard.

Tysdag speler Chelsea heime mot Valencia i gruppa H i meisterligaen.

(©NPK)