Srour stadfestar positiv B-prøve

Proffboksaren Hadi Srour (23) skriv på Facebook at også B-prøva er positiv og viser funn av syntetisk EPO.
sport

Boksaren fortalde på ein pressekonferanse førre veke at han har testa positivt for doping. Fredag opplyser han sjølv at òg B-prøva er positiv.

– Eg kan ikkje begripe korleis dette er mogleg? Det skal ikkje vere mogleg å teste positivt på eit stoff eg ikkje har tatt. Eit preparat som må bli sprøyta inn i kroppen. Eit preparat som ikkje kjem inn ved eit uhell eller ei misforståing, skriv han på Facebook.

Det var VG som omtalte saka først.

Srour har vunne NM-gull tre år på rad. Han er heilt tydeleg på at han er uskuldig og at han skal halde fram kampen for å reinvaske seg.

– Eg har ikkje noko annan val enn å halde fram kampen mot Goliat, og kjempe for rettferd, skriv boksaren.

Han meiner årsaka til den positive prøven enten kjem av sabotasje eller ein feil med metodane som blir brukte.

På pressekonferansen sist veke var Srour prega. Han brukte fleire gonger høvet til å kritisere Antidoping Norge.

Han hevda heilt bastant at han aldri har tatt syntetisk EPO. Han leverte den positive A-prøva 5. juli, eit tidspunkt der han etter eiga utsegn hadde ferie og nettopp hadde vore på festival.

(©NPK)