Ruud på staden kvil

Casper Ruud beheld sin 60.-plass på den ferske verdsrankinga i tennis.
sport

Det vart klart då ATP publiserte den oppdaterte lista si måndag. Det er ingen endringar i toppen, og heller ikkje på plassane rundt der Ruud ligg. 20-åringen har framleis 955 rankingpoeng.

For to veker sidan låg Ruud på 54.-plass, den høgaste rankinga hans så langt i karrieren. Etter tapet i 1. runde av US Open gjekk han ned seks plassar.

I helga vann Ruud alle kampane han var involvert i då Noreg slo Georgia og tok seg vidare i Davis Cup. Dermed blir det opprykkskvalifisering for Noreg til gruppe 1 neste år.

Tysdag skal det norske tennistalentet i aksjon i ATP250-turneringa på grus i St. Petersburg. I 1. runde skal han ut mot Alexander Bublik frå Kasakhstan.

(©NPK)