De Gea forlengde med United

Den spanske keeperstjerna David de Gea blir i Manchester United. Dermed fekk Ole Gunnar Solskjær det som han ville.
sport

Måndag signerte de Gea ein ny fireårskontrakt med klubben. Med i avtalen ligg det òg at Old Trafford-klubben har opsjon på å forlenge kontrakten til spanjolen med ytterlegare eitt år.

28 år gamle de Gea kom til United i 2011 og har sidan spelt 367 kampar for klubben.

Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær har følt seg trygg på at den viktige sisteskansen ville forlenge kontrakten med klubben. Det gav han seinast uttrykk for på den vekentlege pressekonferansen sin sist fredag.

De Gea har vore inne i sitt siste kontraktsår med United og ville dermed stått fritt til å snakke med andre klubbar frå 1. januar. Leiinga på Old Trafford ville gjerne at 28-åringen skulle skrive under på ein ny kontrakt før sesongstart, men slik gjekk det ikkje.

Samtalane har i staden trekt ut i langdrag. No er partane omsider samde.

(©NPK)