Superskrell då USA vart slått ut av basketball-VM

Dei mange stjerneforfalla til USAs basketballag i VM gjorde seg synleg onsdag, då amerikanarane tapte klart mot Frankrike i kvartfinalen.
sport

Dermed blir det ikkje amerikansk VM-medalje for første gong sidan 2002. Meisterskapet blir det første sidan VM i 2006 som ikkje endar med amerikansk gull.

Amerikanarane hang for så vidt godt med ein lang periode, og laget leidde 66-63 etter tre periodar. I den siste gjekk derimot det meste gale. Franskmennene scora elleve poeng på rappen, vann perioden 26-13 og kampen 89-79.

Før årets VM i Kina vart det sådd tvil om USAs gullsjanse sidan åtte av dei største stjernespelarane i NBA takka nei til å spele.

Blant dei er LeBron James, som valde å spele inn filmen «Space Jam 2», der han har hovudrolla, framfor å delta i VM.

USA vart verdsmeister i 2014 og 2010. Nasjonen har òg tre strake OL-gull i basketball.

(©NPK)