Ni kasakhstanske skiskyttarar frikjent frå dopingskuldingar

Dei ni kasakhstanske skiskyttarane som var skulda for doping i 2017 er førebels frikjente av domsutvalet i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU).
sport

Ifølgje IBUs antidopinghøyring har domsutvalet konkludert med at bevisa som vart presenterte ikkje var nok til at ein på ein tilfredsstillande måte kunne slå fast at dopingreglementet hadde vorte brote.

IBU la ned tiltale mot dei ni utøvarane på bakgrunn av dopingetterforsking i Austerrike og Italia som allereie var i gang.

Nokre dagar før skiskyttar-VM i 2017 Hochflizen starta, vart hotellet til det kasakhstanske laga i Austerrike grundig gjennomgått i ein razzia. Det vart mellom anna funne brukte medisinar og medisinsk utstyr. Laget fekk likevel tillating til å delta i VM, og ingen av utøvarane testa positivt på nokon av dopingprøvene som vart tatt.

Dei ni kan no delta igjen. Fleire av dei deltok i OL i Pyeongchang. Den internasjonale skiskyttarsesongen startar i Östersund 30. november.

(©NPK)