Kompany mistar sin eigen testimonial

Den mangeårige Manchester City-kapteinen Vincent Kompany blir hylla med testimonialkamp onsdag kveld. Sjølv går han glipp av kampen på grunn av ein skade.
sport

– Eg speler ikkje i kveld, dessverre. Det er typisk meg, er det ikkje? Eg har ein liten hamstringsskade, melde Kompany då han møtte pressa føre kampen.

Ei rekke fotballheltar er på plass i Manchester for å hylle Kompany, som spelte for City i elleve sesongar fram til i vår. Mannen som no er spelande trenar i Anderlecht, vann fire Premier League-titlar med dei lyseblå.

Joe Hart, Kolo Touré, David Silva, Sergio Agüero og Mario Balotelli er blant spelarane på Citys legendelag, som blir leidd av City-manager Josep Guardiola.

Laget skal møte ein stjerneellever av Premier League-spelarar som har møtt Kompany på banen. Blant spelarane på laget er Edwin van der Sar, Gary Neville, Ryan Giggs, Thierry Henry og Robin van Persie. Lagleiar er Roberto Martínez.

(©NPK)