Studie indikerer at fotballtitting er bra for helsa

Britiske forskarar har følgt 25 fotballsupporterar over tre kampar. Resultata indikerer at fotballtitting faktisk er positivt for helsa til supporterane.
sport

Forskarane på Universitet i Leeds følgde supporterane i tre viktige Leeds-kampar i april og mai. Blodtrykk, puls og humør vart kontrollerte både før, under og etter kampane.

Ifølgje studien auka pulsen i snitt med 64 prosent under kampen. På det høgaste hadde ein supporter 130 i puls.

– Dette er kjent som positivt stress og er ei «kondisjonstrening» som svarer til 90 minutt med gange. Det indikerer at å sjå fotball faktisk er godt for helsa di, skriv forskarane i studien.

I snitt auka pulsen med 20 slag i minuttet då eit mål vart scora. Det var ein auke på 24 prosent.

– Supporterar opplevde òg angst før, under og etter kampen. Ein siger resulterte i eit blodtrykksfall og ein eufori med auka humør og glede, opplyser doktor Andrea Utley.

Men funna ikkje oppløftande når favorittlaget tapte. Ein supporter samanlikna eit tap med beskjeden om at ein venn var død.

– Eit tap resulterte i auka angst. Det viste seg med auka blodtrykk og humørfall, held Utley fram.

– Samanfatta gir fotballtitting deg moderat «kondisjonstrening». Avhengig av resultatet vil du oppleve eit psykologisk løft eller nedtur, samanfattar doktoren.

Deltakarane var mellom 20 og 62 år, men gjennomsnittsalderen var på 22 år. Forskarane følgde supporterane i seriekampen mot Brentford, og dessutan omspelskampane mot Derby.

(©NPK)