Lunde-Borgersen blir landslagstrenar

Den mangeårige landslagsprofilen Kristine Lunde-Borgersen (39) blir sjef for Noregs jentelandslag (LK04) i handball saman med danske Gitte Madsen-Kaarød.
sport

Det nystarta landslaget for jenter fødd etter 1. januar 2004 skal ha den første samlinga si i november i år, skriv Norges Håndballforbund.

Lunde-Borgersen og Madsen-Kaarød (50) hadde begge store karrierar som spelarar, og dei har allereie markert seg som trenarar på klubbnivå i høvesvis Bækkelaget og Vipers Kristiansand.

– Vi gler oss først og fremst til å møte spelarar og trenarar frå regionane i heile landet. Det blir ei utruleg spennande og utfordrande oppgåve å jobbe med utvikling av eit heilt nytt landslag, og ikkje minst å vere ein del av fagmiljøet i handballforbundet, seier dei ferske landslagstrenarane i ei felles fråsegn.

Lunde-Borgersen spelte 181 landskampar for Noreg frå 2001 til 2012 og vann mellom anna OL-gull i 2008 og 2012. Madsen-Kaarød vart olympisk meister med Danmark i 1996.

(©NPK)