Alexandersson i ein klasse for seg i O-VM

Den svenske O-stjerna Tove Alexandersson var ustoppeleg då ho knuste konkurrentane og tok sitt fjerde strake VM-gull på langdistansen.
sport

Alexandersson har no vunne fire strake titlar, men måten ho gjorde det på i skogen i Østfold på var rein utklassing. Det vart veldig store forskjellar mellom løparane. Ned til sølvmedaljevinnaren og landskvinna Lina Strand vart avstanden på heile seks minutt og 16 sekund.

– Eg hadde ein liten bom på den første posten, men etter det har eg sprunge bra, sa Alexandersson om gulløpet sitt til NRK.

Simona Aebersold frå Sveits tok bronsen, slått med nesten sju minutt.

Dei norske løparane gjorde altfor mange feil på dei mange langstrekka. Kamilla Olaussen låg tidleg veldig bra an, men eit par dårlege vegval gjorde at avstanden opp til medaljekampen vart litt for stor.

– Det vart tungt og eg hadde ingen energi, sa Olaussen til NRK etter å ha sprunge i mål over tolv og eitt halvt minutt bak vinnaren på ein 13.-plass.

Den norske veteranen Marianne Andersen har fire sølv på langdistansen frå 2006-2010, men 39-åringen hadde ingen heldig dag i skogen rundt Mørk golfbane i Spydeberg og enda på 15.-plass.

Andrine Benjaminsen tapte mykje til dei beste tidleg i løpet og hamna 20 minutt bak vinnaren i mål på 27.-plass.

– Det vart ikkje det eg hadde håpt på. Eg hadde ambisjonar om å kjempe i toppen, men det var eg dessverre langt unna. Eg fekk lite til å stemme, sa Benjaminsen til NRK.

Siste norske VM-vinnar på øvinga var Hanne Staff, som vann på heimebane i 1997, medan siste norske VM-gull i orientering gjekk til Anne Margrethe Hausken i 2008 då ho vann sprinten.


(©NPK)