Sondre Turvoll Fossli på sjukehus etter hjartestans

Langrennsløpar Sondre Turvoll Fossli vart måndag ramma av hjartestans. Han fekk raskt livreddande førstehjelp og vart innlagt på Oslo universitetssjukehus.
sport

– Sondre blir følgt tett opp av hjartespesialistar på sjukehuset og har det etter forholda bra, seier medisinsk ansvarleg Ola Rønsen i skiforbundet i ei pressemelding tysdag kveld. Han har sjølv besøkt Fossli på sjukehuset.

– Han er sjølvsagt svært glad for at han kom frå dette med livet i behald. Det er for tidleg å seie noko om kva for konsekvensar hendinga vil ha for vidare satsing som topputøvar.

Det var langrenn.com som først melde at Fossli hadde hatt eit anfall, men grad av alvor i hendinga var då ikkje klar.

Fossli er del av sprintlandslaget i langrenn. Familien hans ber om forståing for at dei ikkje ønsker å kommentere hendinga ytterlegare ut over pressemeldinga.

(©NPK)