Bennett vann igjen, Halvorsen langt framme

Den irske spurtspesialisten Sam Bennett vann òg 2. etappe i verdstourrittet på sykkel i Belgia og Nederland. Kristoffer Halvorsen vart nummer fire.
sport

Ineos-ryttar Halvorsen var langt framme i spurten i den belgiske byen Ardooie etter ein flat etappe på snautt 17 mil, men verken han eller nokon annan kunne stå imot Bennett på dei siste meterane. Jasper Philipsen og Dylan Groenewegen kom nærast.

– Etter 70 kilometer kjendest ikkje beina særleg gode, og då trudde eg ikkje på eit godt resultat i dag, men laget mitt tok seg godt av meg og lét meg få ei billeg reise. Til sist hadde eg nok til å vinne, sjølv om eg ikkje trudde på det, sa Bora-ryttar Bennett.

– Suksessen gjer meg grådig, og no har eg lyst på endå ein etappesiger.

Etappen vart prega av eit seksmannsbrot som på det meste leidde med to og eit halvt minutt, men utbrytarane vart innhenta på den siste runden inne i Ardooie. Zdenek Stybar gjorde då eit forsøk på å gå solo, men også han vart innhenta, og det var opp til spurtarane å avgjere sigeren.

Halvorsen vart nummer åtte på opningsetappen på måndag og hadde berre tre mann føre seg tysdag.

Bennett beheld leiartrøya og er 12 sekund føre polske Lukasz Wisniowski.

(©NPK)