O-løp: Suksessen held fram, norsk stafettgull i junior-VM

Kasper Fosser sprang Noreg inn til gull på ankeretappen i stafett i junior-VM i orientering. Det vart det tredje gullet hans i meisterskapen.
sport

– Det er like artig kvar gong, smilte Kasper Fosser etter å ha avgjort junior-VM-stafetten i skogane utanfor Silkeborg til Noregs fordel.

Ut på sisteetappe var den doble juniorverdsmeisteren frå tidlegare i meisterskapen nummer to, snaue ti sekund bak Frankrike. Etter kvart var det ikkje snakk om saka.

– Då eg passerte arenaen skjønte eg at det kom til å gå vegen, sa den norske ankermannen.

Til slutt vart det 2 minutt ned til Sveriges sin 2.-lag, som var næraste konkurrent i mål. Og dermed kunne Lukas Liland og Elias Jonsson defilere over mål saman med Fosser.

Liland tok bronse på mellomdistansen tidlegare i meisterskapen. Jonsson tok sølv på langdistansen.

Med gullet på fredag fekk Fosser med seg tre gull frå meisterskapen i Danmark (lang, mellom og stafett).

– Heilt utruleg. Eg har sett opp til løparar som Olli Ojanaho og Joey Hadorn som begge har gjort det tidlegare. No er eg i same selskap.

For det norske kvinnelaget, med lagoppstillinga Hanne Vassend, Victoria Hæstad Bjørnstad og Anine Lome, vart det 6.-plass i stafetten på fredag. Storbritannia vann.

(©NPK)