Noreg uendra på Fifa-rankinga trass kvartfinaleplass i VM

Norsk kvartfinaleplass i VM var ikkje godt nok til å avansere på den ferske Fifa-rankinga på fredag. Caroline Graham Hansen og co. er framleis på 12.-plass.
sport

Verdsmeister USA er ubestridt einar på rankinga. Trass i eit middels VM held Tyskland framleis 2.-plassen, medan tapande VM-finalist Nederland klatra fem plassar opp til 3.-plassen.

På dei neste plassane følgjer Frankrike, England, Sverige, Canada, Australia, Nord-Korea og Brasil.

Fifa-rankinga for kvinner blir offentleggjort berre fire gonger i året, og det kan enkelte gonger gi nokre pussige utslag. Denne gongen er Nord-Koreas 9.-plass éin av dei. Nord-Korea var ikkje med i VM etter å ha mislykkast i den asiatiske kvalifiseringa. Likevel avanserer nordkoreanarane to plassar frå 11.-plassen dei hadde før verdsmeisterskapen i Frankrike starta.

Fleire andre lag som ikkje var med i VM klatrar òg på rankinga, Island heile fem plassar til 17.-plass.

England slo Noreg i kvartfinalen og var tapande VM-semifinalist mot USA, men fell likevel to plassar til 5.-plass på rankinga.

Sør-Korea, som tapte alle kampane sine i Noregs tøffe VM-gruppe, fall seks plassar til 20.-plass og er no bak ei rekke land som ikkje var med i VM.

Rankinga (førre plassering i parentes): 1) USA 2180 (1), 2) Tyskland 2059 (2), 3) Nederland 2037 (8), 4) Frankrike 2029 (4), 5) England 2027 (3), 6) Sverige 2021 (9), 7) Canada 1976 (5), 8) Australia 1965 (6), 9) Nord-Korea 1940 (11), 10) Brasil 1938 (10), 11) Japan 1937 (7), 12) Noreg 1917 (12), 13) Spania 1899 (13), 14) Italia 1891 (15), 15) Danmark 1839 (17), 16) Kina 1838 (16), 17) Island 1822 (22), 18) Sveits 1815 (18), 19) Belgia 1813 (20), 20) Sør-Korea 1805 (14).

(©NPK)