Teuns raskast på brutal fjelletappe

Belgiske Dylan Teuns viste styrke opp til fjelltoppen La Planche des Belles Filles og vann den knallharde 6. etappen av Tour de France torsdag.
sport

Samtidig tok Giulio Ciccone (Trek-Segafredo) over den gule leiartrøya frå Julian Alaphilippe etter den første verkelege testen for samanlagtryttarane i rittet i år. Dermed taler statistikken for at italienaren vil ende opp som samanlagtvinnar av Tour de France i år.

Etappevinnar og Bahrain-ryttar Teuns sigra føre 24 år gamle Ciccone opp til La Planche des Belles Filles. Dei hadde sykla i eit brot omtrent gjennom heile den 160 kilometer lange etappen, som vart avslutta med sju kilometer med 8,7 prosent stigning i snitt.

– Det er utruleg. Eg forventa ikkje dette, sa etappevinnar Teuns.

Sterk Thomas

Samtidig gjorde samanlagtkanonen Geraint Thomas ein sterk etappe og vart nummer fire. Han er med det 49 sekund bak leiaren i samandraget.

14 ryttarar sykla tidleg i brot, og dei låg lenge rundt sju minutt føre hovudfeltet. Med dryge tre mil igjen tråkka feltet til, og Amund Grøndahl Jansen var blant dei som trekte feltet nærare brotet. Med 18 kilometer igjen var avstanden fire minutt, og samtidig fall fleire ryttarar frå tetgruppa.

Det danna seg ein kvartett, men to måtte sleppe, og Ciccone og Teuns sykla saman i front. Nokre få minutt bak sykla Julian Alaphilippe for å behalde den gule trøya.

Statistikken på si side

Teuns viste styrke i den siste bakken, og etter å ha kjempa seg gjennom seks kategoriserte stigningar var det han som kunne ta etappesigeren. Ciccone makta med sin 2.-plass å ta over samanlagtleiinga med seks sekund på Alaphilippe.

Tre gonger tidlegare har ryttarane sykla opp til La Planche des Belles Filles i Tour de France. Kvar gong, i 2012, 2014 og 2017, har han med gul trøye etter etappen vunne rittet samanlagt. Ciccone seglar med det opp som ein kandidat til å stå øvst på pallen i Paris 28. juli.

Edvald Boasson Hagen vart beste nordmann på 78.-plass. Han trilla i mål nesten 18 minutt bak vinnaren.

(©NPK)