Viking forlengde kontrakten med Berntsen

Bjarne Berntsen har vore trenar for Viking i tre periodar. No er han klar for to nye år som hovudtrenar for Stavanger-laget.
sport

Det stadfestar klubben på eigne nettsider.

Berntsen trena Viking for første gong i 1992. Han var mellom anna med på å møte Barcelona på Camp Nou i serievinnarcupen, i tillegg til å leie laget til bronse i serien. I 1995 var han ferdig som trenar, før han i 2004 vart tilsett som vikarierande trenar. Berntsen trena laget fram til Roy Hodgson tok over.

I 2017 vart det for tredje gong klart at Berntsen skulle ta over Viking. Han har sete i sjefsstolen sidan den gongen. I utgangspunktet hadde han kontrakt ut inneverande sesong, men no er avtalen forlengt til ut 2021.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt og ein heider for at vi har gjort ein del rett. Det er òg kjekt at klubbleiinga meiner dette er det rette. Samtidig har eg vore tydeleg på at dette er den siste kontrakten eg skriv som hovudtrenar. Eg blir 65 år når denne avtalen går ut, seier Berntsen til Aftenbladet.

– Bjarne har levert i samsvar med målsettingar og forventningar – og vel så det. I tillegg er det utruleg kjekt å sjå den satsinga vi har med tanke på den lokale profilen vi ønsker å ha, seier dagleg leiar i Viking, Eirik W. Henningsen, til heimesidene til klubben.

Viking har imponert i Eliteserien denne sesongen. Klubben ligg på 6.-plass etter ti kampar, berre åtte poeng bak Molde, men har i tillegg to kampar til gode.

(©NPK)