Fredag blir Gry Kanstad (50) historisk

Gry Kanstad deltar fredag som første kvinne i NM for kuskar. – Eg ser på det som ei ære, seier ho.
sport

Gry Kanstad har valt eit beintøft og til tider livsfarleg yrke. Ho er profesjonell travtrenar og kusk i ein sport som lenge ekskluderte kvinner. Dei siste 40 åra har det rett nok endra seg. Medan kvinnene tidlegare berre stelte hestane, er no dei fleste elevane på travtrenarutdanninga unge, ambisiøse jenter.

Fredag og laurdag blir det køyrt NM for kuskar på Leangen i Trondheim. Tolv championar frå heile landet har kvalifisert seg. Kanstad er Nord-Noregs representant.

Første kvinne

Ingen andre profesjonelle utøvarar frå nord vann fleire løp enn henne i Harstad i fjor. Det gav billett til NM, ein konkurranse ingen andre norske kvinner har deltatt i.

– Eg er stolte, og ser på det som ei ære å vere den første kvinna. NM har vore køyrde sidan 1969, og det er på tide at ein av oss klarte å kvalifisere seg, seier bodøværingen til Equus.

Ho starta karrieren i 1993, og har vunne 71 løp på 714 startar. Kanstad har køyrt inn 2,7 millionar til hesteeigarane sine. Til samanlikning har den suverene norske kuskechampionen Eirik Høitomt vunne 4880 løp på 39.765 startar. Innkøyrt: 226 millionar. Berre i år har Høitomt køyrt like mange løp som Kanstad har gjort gjennom heile livet!

– Eg kan statistikken, og på bakgrunn av han skal eg vere sjanselaus. Men eg har møtt og slått dei før, og eg har vore heldig med både dei hestane og startspora eg har trekt. Eg gir ikkje noko ved dørene, men innrømmer at eg er frykteleg nervøs, seier Kanstad.

Møte svigersonen

Ein NM-siger gir gullmedalje og 15.000 kroner i pengepremie, men Gry Kanstad kjempar ikkje berre mot elleve andre trenarar. Ho skal òg konkurrere mot svigersonen sin Erlend Rennesvik, som er sambuar med Grys dotter Maja. Maja er sjølv ein dugeleg ryttar og kusk og Erlend ein ung trenar på veg mot stjernehimmelen.

– Sjølvsagt vil eg vinne, men å banke svigersonen min er minst like viktig.

– Eg har ikkje køyrt løp mot Erlend før, men så deltar vi begge i NM. Det blir spesielt, men han får ikkje noko gratis av meg. Erlend er ein konkurrent på same måte som dei andre, men det blir sjølvsagt viktig å slå han, seier ein kampklar og historisk 50-åring frå Bodø.

(©NPK)