Irsk motstand for Brann i Europaligaen

Brann møter irske Shamrock Rovers i 1. kvalifiseringsrunde til Europaligaen i fotball. Molde skal ut mot KR Reykjavik.
sport

Det vart klart då kampane i 1. kvalifiseringsrunde vart trekte i Det europeiske fotballforbundets (Uefa) hovudkvarter i Nyon tysdag.

Haugesund møter vinnaren av kvalifiseringsoppgjeret mellom walisiske Barry og nord-irske Cliftonville. Oppgjera som avgjer FKHs motstandar, blir spelte 27. juni og 4. juli.

Molde og Brann har i utgangspunktet heimekamp først, medan Haugesund etter alle solemerke byrjar kvalifiseringsspelet sitt på bortebane.

Molde, Brann og Haugesund var alle seeda i trekninga på tysdag.

Dublin-klubben Shamrock Rovers var truleg ein av dei meir vanskelege motstandarane Brann kunne få. Klubben ligg på andreplass i den irske ligaen.

Sist laga møttest, i ein treningskamp i 2015, vann Shamrock 3–2.

KR Reykjavik leier den islandske ligaen etter at åtte kampar er spelte av årets sesong. Førre sesong vart det berre fjerdeplass for Moldes motstandar i 1. kvalifiseringsrunde.

Sist KR Reykjavik møtte norsk motstand var i 2015. Då var Rosenborg motstandar i 2. kvalifiseringsrunde til Europaligaen. Den gongen vart islendingane fleire nummer for små og tapte 0–4 over to kampar.

Cliftonville enda på femteplass i nord-irske ligaen denne sesongen. Opp til seriemeister Linfield, som møter Rosenborg i 1. kvalifiseringsrunde til meisterligaen, skilde det til slutt 24 poeng.

Barry enda på tredjeplass i den walisiske ligaen.

Kampane i 1. kvalifiseringsrunde blir spelte 11. og 18. juli.

(©NPK)