Fransk avis: Platini arrestert

Tidlegare UEFA-president Michel Platini skal vere arrestert i samband med etterforskinga rundt tildelinga av fotball-VM i 2022 til Qatar.
sport

Det er den franske nettstaden mediapart.fr som fortel om arrestasjonen av den franske fotballprofilen.

Platini skal ha vorte arrestert tysdag som eit ledd i korrupsjonsetterforskinga som mellom anna fransk politi driv.

Mediapart hevdar å kjenne til at 63-åringen skal ha vorte frakta til avdelinga for korrupsjonskriminalitet (OCLCIFF) i Nanterre utanfor Paris.

Platini var president i Det europeiske fotballforbundet (UEFA) frå 2007 til 2015. Han vart då utestengd frå fotballen i åtte år, men fekk seinare straffa halvert.

Straffa har fekk frå FIFAs disiplinærkomité kom som følgje av ein utbetaling han fekk frå tidlegare FIFA-president Sepp Blatter. Platini og Blatter hevdar begge at utbetalinga var legitim og vart handtert korrekt.

Utestenginga av 63-åringen frå fotballen går ut i oktober.

(©NPK)