Milan-legender får toppjobbar i klubben

Paolo Maldini og Zvonomir Boban er tilsette som høvesvis teknisk direktør og fotballdirektør i den italienske fotballstordomen AC Milan.
sport

Saman skal dei to prøve å løfte klubben tilbake til toppen av italiensk og europeisk fotball. Milan har vore gjennom noka tunge år og enda på ein skuffande 5.-plass i Serie A sist sesong.

Boban, som spelte for Milan frå 1991 til 2001, kjem frå jobben som visegeneralsekretær i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa).

– Eg føler meg verkeleg æra og privilegert over å ha jobba med så viktige prosjekt for å ta Fifa til der det høyrer heime, langt unna tidlegare skandalar og eit dårleg rykte, seier Boban.

Paolo Maldini treng ingen nærare introduksjon for kjennarar av italiensk fotball. Han spelte heile karrieren sin i Milan og fekk med seg over 900 kampar frå 1985 til 2009.

Klubbdirektør Ivan Gazidis er særs nøgd over å ha fått på plass 50-åringen som teknisk direktør.

– Paolo representerer den kvaliteten og dei verdiane som utgjer grunnmuren i klubben vår. Eg er glad over å få han inn som sjef for sportsområdet. Med han på laget vil vi kunne byggje ein moderne klubb, forma av profesjonelle folk av høgaste kvalitet, seier han.

(©NPK)