Solskjær får ikkje hjelp til United-handel

Manchester United droppar å utnemne ein sportsdirektør som skal ha hovudansvaret for kjøp og sal av spelarar, skriv avisa Daily Mail.
sport

Dermed ser det ut til at klubbdirektør Ed Woodward skal halde fram å styre den delen av klubben også. Han har fått mykje kritikk over lang tid for ikkje å ha nok kompetanse på området.

Manager Ole Gunnar Solskjær og assistenten Mike Phelan tar aktivt del i handlinga i sommar. Med er òg sjefspeidarane Jim Lawlor og Mick Court, skriv Daily Mail mellom anna.

United har ein stor jobb å gjere i tida som kjem. Det gjeld både med tanke på å kvitte seg med spelarar, halde på allereie eksisterande og kjøpe inn nye.

Solskjær fekk managerjobben rett før jul. Han vart tilsett på permanent basis nokre månader seinare. Laget hans rakna mot slutten av sesongen og tapte ei rekke kampar.

Det vart ikkje meir enn europaligaspel på United kommande sesong.

(©NPK)