Maratonløpar dopa seg med rottegift

Den kenyanske maratonløparen Felix Kirwa er utestengd i ni månader etter å ha testa positivt for stryknin, betre kjent som rottegift.
sport

Friidrettens disiplinærkomité (Athletics Integrity Unit) opplyser at Kirwa har vorte utestengt fram til 14. november og har samtidig teke frå han andreplassen i Singapore maraton i desember.

Kirwa er bror av sølvmedaljevinnaren frå OL i 2016, Eunice Kirwa. Ho vart førre månad utestengt for å ha testa positivt på EPO.

Felix Kirwa vann maratonløpet i Singapore i 2017 og han vart rangert som den 104. beste maratonløparen i verda dette året.

(©NPK)