Froome i velt under oppvarming, går glipp av Tour de France

Tour de France-favoritten Chris Froome gjekk i bakken i ein velt før start i eit ritt onsdag. Han fekk eit beinbrot og kjem ikkje til start i Tour de France.
sport

Det var Sky News som melde om den omfattande skaden. Han deltok i Critérium du Dauphiné-rittet. Der går fjerde etappe onsdag. – Chris Froome er på veg til sjukehuset og vil ikkje starte, kommuniserte laget hans Team Ineos i ei pressemelding onsdag.

Tour de France startar 6. juli.

Team Ineos-løparen Froome har vorte samanlagtvinnar i Tour de France fire gonger (2013, 2015, 2016 og 2016). Sist år vart det tredjeplass. Då vart lagkamerat Geraint Thomas samanlagtvinnar.

Froome har òg vorte samanlagtvinnar i Critérium du Dauphiné tre gonger. Det blir han ikkje i år.

(©NPK)