Dopingtatt padlar fråtatt OL-medalje

Den litauiske padlaren Jevgenij Shuklin blir fråtatt OL-sølvet sitt frå 2012 etter å ha testa positivt for eit anabolt steroid.
sport

Det opplyste Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) onsdag. Komiteen har gjort nye analysar av Shuklins dopingprøver med metodar som ikkje var tilgjengelege under OL i 2012.

Shuklin, som no er 33 år gammal, tok sprintsølv i C1-klassa i padling i London. Sidan han mistar sølvmedaljen, blir russiske Ivan Sjtyl flytta til sølvplassen, medan Alfonso Benavides får bronse.

I alt har IOC avslørt over 50 positive dopingprøver frå 2012-OL gjennom re-testing med nye metodar.

(©NPK)