Carlsen overraska alle i armageddon – vann igjen

Magnus Carlsen forsvarte leiinga i Norway Chess med siger i eit dramatisk armageddon-parti mot Wesley So onsdag.
sport

Etter eit heilt udramatisk langsjakkparti klinka Carlsen til med storspel og ei real overrasking då duellen skulle avgjerast i armageddon.

Den norske verdseinaren valde ei opning som forundra sjakkjennarane, sidan han spelte svært aggressivt sjølv om remis i armageddon held til siger for spelaren med svarte brikker.

So lét seg ikkje umiddelbart vippe av pinnen, men med dårleg tid vart han raskt heilt spelt ut av Carlsen. I TV 2s studio var òg stormeistrane Jon Ludvig Hammer og Simen Agdestein nærast sett ut av spel av Carlsens offensive spel. Samtidig gav dei den amerikanske motstandaren det glatte lag for å ha vorte spelt ut av verdseinaren.

So kom ut av det med ei smule ære i behald då Carlsen godtok remis i armageddon, som altså gav siger for nordmannen med svarte brikker.

I tet

Carlsen har vunne alle sju parti så langt i Norway Chess, og han har særleg imponert i armageddon, der seks av sigrane har komme.

I armageddon får vinnaren 1,5 poeng og taparen 0,5 poeng. Carlsen leier no storturneringa i Stavanger med 11 poeng.

I langsjakkpartiet onsdag mot So såg Carlsen ut til å ha god kontroll på hendingane sjølv om amerikanaren med kvite brikker hadde eit lite overtak ein periode. Datamaskina som følgjer partia, viste ein liten fordel til kvitt etter om lag 20 trekk, men dette jamna seg etter kvart ut.

Etter 36 trekk vart spelarane samde om remis og dermed å avgjere partiet i armageddon.

Torsdag skal Magnus Carlsen spele med kvite brikker mot Yu Yangyi frå Kina. Siste runde i Norway Chess blir spelt fredag.

(©NPK)