Bjarne Riis' sykkelsatsing gjekk med dundrande underskot

Det danske sykkellaget til den tidlegare proffsyklisten Bjarne Riis gjekk i raudt med rundt 25 millionar kroner i fjor.
sport

Ved sida av å ha eit kontinental-lag for menn og eit World Tour-lag på kvinnesida, driv òg Virtu Cycling Group ei rekke ulike aktivitetar innanfor sykling.

Dei driv mellom anna eit reisebyrå og sel sykkelutstyr. Eitt av måla med sykkelprosjektet er å få til eit World Tour-lag for menn.

Selskapet skriv i rekneskapen sin for 2018 at det økonomiske resultatet er «utilfredsstillande» og tapet på 25 millionar (18,8 mill. danske kroner) skal dekkast gjennom tilførsel av ny kapital og dessutan å auke inntektene.

Virtu Cycling Group forventar å redusere underskotet til rundt 6,6 millionar koner for inneverande år. I rekneskapsåret 2017 hadde selskapet eit underskot på 28,4 millionar kroner.

(©NPK)