Berntsen og Mol klar for hovudrunden i Polen

Sandvolleyballduoen Mathias Berntsen og Hendrik Mol vann onsdag begge kampane sine i kvalifiseringsrundane i firestjernersturneringa i Polen.
sport

Dermed er den norske duoen klar for hovudrunden, som startar torsdag.

Berntsen og Mol vann først i strake sett, 21–15 og 21-14, mot Aleksandr Dzjiadkov og Pavel Pijatrusjka frå Kviterussland.

Seinare onsdag vart det ein tøffare og jamnare kamp mot austerrikske Martin Ermacora og Moritz Pristauz. Berntsen og Mol tapte første sett 18-21, men slo tilbake med 21-17-siger i det andre og deretter 15–13 i det avgjerande settet.

Dei norske verdseinarane Anders Mol og Christian Sørum går rett inn i hovudturneringa. Turneringa i Polen er den siste før Mol og Sørum skal i aksjon i VM i Tyskland, som startar 28. juni.

(©NPK)