Messi tilbake på inntektsstoppen – håvar inn over ein milliard i året

Lionel Messi toppar Forbes' liste over dei best betalte idrettsutøvarane i verda. Barcelona-profilen slår Ronaldo med ei årsinntekt på 1,1 milliard kroner.
sport

Messi er tilbake på toppen av Forbes-lista etter å ha vorte nummer to i fjor. Då hadde Floyd Mayweather overlegent størst inntekt etter stjernemøtet sitt med Conor McGregor i bokseringen.

Oversikta viser inntekter frå lønn, prispengar og sponsoravtalar frå juni 2018 til 2019, og tre fotballspelarar ligg på inntektsstoppen:

Lionel Messi med 1.097 millionar kroner, Cristiano Ronaldo med 942 millionar og Neymar med 908 millionar.

Fjerdemann på lista er den mexicanske boksaren Saúl «Canelo» Álvarez. Han har henta inn pene 812 millionar kroner det siste året.

Tennisstjerna Roger Federer tar 5.-plassen med ei årsinntekt på 807 millionar kroner. Deretter følgjer Russell Wilson (amerikansk fotball, 774 mill.), Aaron Rodgers (amerikansk fotball, 772 mill.), LeBron James (basketball, 769 mill.), Stephen Curry (basketball, 690 mill.) og Kevin Durant (basketball, 565 mill.).

Best betalt av dei kvinnelege idrettsutøvarane er tennisesset Serena Williams. Ho tar 63.-plassen på lista med ei inntekt på 252 millionar kroner frå juni 2018 til juni 2019.

(©NPK)