Mol og Sørum enkelt vidare i Kina

Sandvolleyballparet Anders Mol og Christian Sørum går rett til åttedelsfinale i firestjernersturneringa i Kina etter to sigrar i gruppespelet torsdag.
sport

Den norske duoen toppar gruppe A etter klar 2-0-siger i begge kampar. Først vart japanske Koichi Nishimura og Daisuke Shibata slått 21-10, 21–13. Deretter vann Mol/Sørum 21-19, 21–11 over tyskarane Philipp Bergmann og Yannick Harms.

Mol og Sørum vann storturneringa i Brasil (firestjerners) førre helg og er blant favorittane også i Jinjiang. Åttedelsfinalen blir spelt laurdag.

Det andre norske herreparet i turneringa, Hendrik Måla og Mathias Berntsen, tapte sin gruppespelkamp torsdag mot amerikanarane Nicholas Lucena og Philip Dalhausser. Det vart norsk 0-2-nederlag med settsiffera 21-23, 12–21.

Måla og Berntsen speler sin andre gruppespelkamp mot italienske Tiziano Andreatta og Andrea Abbiati fredag.

(©NPK)